Om
Åmotsdal

Lag og foreningar
Næring
Aktivitetar
Tenester
Marknad
Segn og soger
Aktivitets-
kalender

Epost-
katalog

Vêret i
Åmotsdal




Ansvarleg for sidene:
Åmotsdal Bygdemobilisering


Åmotsdal

Åmotsdal er ei lita fjellbygd med om lag 75 husstandar i Seljord Kommune, Telemark.
Grendene Langlim, Dyrlandsdalen og Lisleherad soknar til Åmotsdal.
Køyreavstand til Seljord eller Rauland er omtrent ½ time.
Me kan by på mykje fin natur og aktivitetar i regi av alle laga i bygdi.
Eva Bull Holte`s museum og Handverkstunet på Sneie er ope kvar sommar. Her finn du kunstutstilling, mat og lokalprodusera varer til sals.
Hytteutbygginga er på frammarsj ved Kvambekk, Angre, Bøle, Sudbø og Fossheim.
Åmotsdølar er kjende for å vera gode på dugnad, noko Grendehuset er eit eksempel på. Kvart år arbeider heile bygdi i samband med Dyrsku`n (sal av heimelaga rjomegraut og lynlodd), og som takk får me bruke huset gratis til dåp, konfirmasjon og andre selskap.
Dette er og ei bygd som har fostra mange kunstnarar innan rosemåling, trearbeid, sylvsmedar m.m. Den mest kjende er nok Jarand Aasmundson Rønjom, som har bygt kyrkja vår.

Dei seinare åra har Åmotsdal vore prega av tilflytting av unge folk som vel å slå seg ned her, og det ryk av pipene på gardar som har stått tome i fleire år.Hausten 2009 flutte tri familiar med små born hit. Dette er sjølvsagt veldig positivt, og me håpar det bidrar til å halde liv i skulen framover.
I tillegg til barneskule har me barnehage, SFO og aldersheimen Steinmoen bu- og servicesenter.

Info om breidband & fiberkabel:

For breidband, kontakt Telefiber
Det er no mogleg å få fiberkabel gjennom Vest telemark Kraftlag.

Me ynskjer alle velkomne til bygda vår!

NYTTIGE LENKER:

Åmotsdal Daglegvare
Myllargutvegen
Seljord kommune
Åmotsdal Hytteservice
Kvambekkheii
Sudbøvegen hytteforening
Dyrsku`n
Telespinn
Rauland
Flatdal Handlaft
Velkommen til Vest-Telemark
Vest-Telemark Blad
Hjartdal
Sollid Lafteverkstad
Vest-Telemark Museum







Åmotsdal kyrkje

Åmotsdal kyrkje er ei tømra, bordkledd krosskyrkje, innvigd i 1792, bygd der det tidlegare sto ei stavkyrkje. Ho er bygd av Jarand Rønjom, ein allsidig kunstnar og handverkar frå Åmotsdal.

Leiar i Åmotsdal Sokneråd: Marit Haugetuft



Skulen, grendehuset og barnehagen

Grendehuset er bygt på dugnad og blir mykje bruka til møter, selskap og andre aktivitetar.
På Åmotsdal skule er det no 26 elevar som er dela i småskule og storskule.
Hausten 2008 kom forslaget om å legge ned skulen, men me fekk heldigvis berga han denne gongen og!
Barnehagen er så og sei full, så det ser lyst ut for framtida.


Åmotsdal skule

Skuleruta 2010/2011

Skulestart hausten 2009



Reinsdyr i fjellet



Informasjon om butikken og gatekjøkkenet

10. desember 2010 hadde butikken 1 års jubileum og omsetnaden er bra.
Gatekjøkenet er stengt om vinteren, men det er salatbar og pizza
å få kjøpt fredag og laurdag.
Posten legg no inn pakker her, slik at me slepp å køyre til Flatdal eller Seljord for å hente dei.

Opningstider butikk:
Måndag-Torsdag: kl 10.00 - 18.00
Fredag: kl 10.00 - 21.00
Laurdag: kl 10.00 - 16.00

No er det mogeleg å bestille varer på nett! Varene blir ferdig pakka og kan hentas på veg til hytta.
Åmotsdal Daglegvare



Flott natur ved Sandset



Nyhetsarkiv


Butikkopning TA 11.des 2009

Ei bygd i vekst – oktober 2009

Den nye gang- og sykkelvegen hausten 2007
Kampen om å behalde skulen hausten 2008
Ny ballbinge hausten 2008
Åmotsdal skule 50 år i 2005

Skodespil om Guro Heddeli 2006

Barnehagen byggas på dugnad i 2003

Politikar Kristin Halvorsen besøkte skulen 2003

Skulestart hausten 2009

Fjellbryggeriet - øl frå Åmotsdal juli 2010

1-års jubileum for Åmotsdal Daglegvare desember 2010

Bygdefolk gjev stønad til alarm for eldre januar 2011












Landbruket

Geit, sau og kyr beiter på fjellet om sommaren. Det har og blitt tatt opp att staulsdrift i Øverbø-liane, der dei sel prim og ost frå Nystaul.

Landbruket i Åmotsdal er i stor grad prega av mindre einingar og brattlendte bruk. Ein god del av gardane har jorder ein ikkje kan nytte traktoren på, og knapt nok tohjulingen. Dette gjer drifta av gardane i mange høve tungvind.

Sauenæringa er viktig i området, i tillegg til at fleire driv med mjølkeproduksjon. Mykje av den tungt drivne jorda vert nå nytta som beite.

Kulturlandskapet i Åmotsdal er verdifullt, både biologisk og historisk. Mange av gardane som ligg oppe i dei bratte bakkane har solsvidde, lafta bygningar. I tillegg til dei gamle og forseggjorte bygningane er det steinrøyser og steingardar som vitnar om ei anna tid. Dei blomsterrike engene i Åmotsdal har i mange høve eit mangfald ein ikkje finn i vanlege slåtteenger i dag. Landskapet her vanskeleggjer rasjonell drift, noko som har gjort det mogleg for ein god del artar å overleva.

Hugs bandtvang i perioden 1.april - 10. oktober!
Hundeeigarar pliktar å halde hundane i band eller inngjerda.